torsdag 12. november 2009

Heiter det ein eller ei blogg?

Det gadd eg ikkje å sjekke før eg oppretta ho. Men sidan eg er hokjønn sjølv, valde eg denne utgåva, så får de heller skyte og saksøkje meg viss de gidd. Her kan de kommentere og kverulere så mykje de orkar, berre de gjer det på nynorsk. (Dei som har fritak, skal sjølvsagt få sleppe grautmålet, men da må de ikkje syte over at de "ikkje skjønar ein drit" av sidemålet. Lese det må de uansett, det er det ikkje eg som har funne på. Eg berre jobbar her.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar